Om oppdrettet NO*Havdis

Oppdrettet består av meg Janette Hovden, og mine tre nydelige sibirkattar; No*Hemakri Duchess, Oscar Onix Gloria og CarilloCat Sing A Song. Du kan lese meir om dei her

Vi har eit mål om å avle fram friske og sosiale sibirkattar med eit godt lynne. Dette er eit relativt nyoppstarta oppdrett, men eg har god kontakt med andre meir erfarne oppdrettarar i miljøet. Dei har vore til god hjelp og støtte så langt i prosessen. Vi er medlem i;

  • Norske Rasekattklubbers Riksforbund (NRR)
  • Sunnmørskatten
  • Sibir- og Nevaringen

For oss er det viktig at kattane kjem til ein god heim der dei får mykje omsorg og god pleie. Ved kjøp av katt frå oss følger det med stamtavle frå NRR og helseattest. Kattungane vil få ormekur, microchip og vaksiner før dei reiser frå oss.

Hei,

Mitt navn er Janette Hovden. Eg er 38 år og er oppvekst på ein gard i Snipsøyrdalen. Der har det vore både katt, sauar, høner og kaniner. Det er mange gode minner i samband med stell av dyra på gården, sidan eg alltid har vore veldig glad i dyr. Eg har hatt katt stort sett heile livet. Til no har det vore huskattar, men då katten vår døde, 15 år gamal, bestemte vi oss for å kjøpe ein rasekatt. Då min samboar er noko allergisk mot katt, enda valet på den allergivennlige rasen sibirkatt. Vi var spente på om han ville sleppe rennande og kløende auge med ei allergivennlig rase i hus. Han reagerte litt på ho då ho var liten kattunge, men no når ho har vorte større merkar han ingenting lenger. No kan han også klappe og kose med katten.