no

Katteoppdrett av den allergivennlige rasen sibirkatt.

NO*Havdis sibirkatter

Om Sibirkatten

Sibirkatten er ei sterk og sunn rase med eit sjarmerande og godt lynne. I tillegg er sibirkatten ei nysgjerrig og sosial rase som er glad i merksemd og likar å ha folk rundt seg. Denne rasen kan også vere allergivenleg. Dei som er allergiske reagerer ofte på proteinet FEL D-1 som er i kattespyttet. Ein teori er at sibirkatten har mindre av dette proteinet i spyttet, og derfor kan dei som er allergiske mot andre kattar tåle å ha ein sibirkatt i hus.