Kjøpsprosess

Venteliste

  • Er du interessert i å kjøpe kattunge frå oss kan du sette deg på ventelista vår. Det gjer du ved å kontakte meg på e-post; sibirer@havdis.com
  • Du forpliktar deg ikkje til noko ved å sette deg på venteliste, og kan derfor velge å beholde plassen din på ventelista til neste kull, dersom det av en eller anna grunn ikkje passar å få av det kullet du har fått tilbud om.
  • NB! Ved allergi, må allergikarar teste seg på sibirkatt før kjøp. Ta kontakt testheimformidlinga. 

Reservasjon

  • Når du har takka ja til tilbudet om kattunge frå oss, får du tilsendt ei reservasjonskontrakt som skal fyllast ut. I tillegg skal eit reservasjonsgebyr på kr 3000 betalast. Gebyret blir ikkje refundert dersom kjøpar ombestemmer seg, men om noko skulle oppstå og vi ikkje kan levere kattungen, blir det naturligvis refundert. Ein kattunge som selgast til kos kostar totalt kr 15 000. 
  • Det er naturligvis lov å kome og besøke kattungen din før leveringsdatoen. Når dei er rundt 8 veker kan du ta kontakt for å avtale tid for besøk, dersom du har lyst og anledning til det.

Overlevering

  • Kattungane er leveringsklare når dei er 14 veker gamle. Ein kosekatt skal ikkje brukast i avl og skal derfor bli kastrert før den blir 6 måneder.
  • Kattungane leverast med; kjøpskontrakt, stamtavle, helseattest, microchip, vaksiner og kattungepakke.